tirsdag 25. mars 2008

Påska 2008












PÅSKA i år har vore fantastisk! Eg har vore på hytta i faktisk nøyaktig ei veke. Og den veka har gått utruleg fort, slik feriar ofte gjer. Men for ei veke.. Eg, Gina, Mamma og Pappa reiste innover Mandag, kom inn til eit skikkeleg snøver. Eg var sta å prøvde bunaden min, så mi søte og snilde mormor har brodert, IMPONERANDE! Tirsdag vart Andreas gullet vårt heile 2 år, ein fantastisk flott gut som heile tida sjarmerar med dei nydelege smila, krøllane, sleng-kyssa og oslo-dialekta si. Han har begyndt å forstå kva som veks inni mamman sin mage, snart er det ikkje berre han som skal ha oppmerksomheita, ei prinsesse er venta, og eg gler meg kjempe masse :) Vi feira han og kosa oss.. Onsdag hadde eg enno ikkje komt meg oppi trekket, og eg låg inne og kosa meg.. Heile familia til Ole-Jonny & Fredrik kom også, så vi leika oss ute med kidsa i 2 meter nysnø! Herleg..


Torsdag feira vi min 15-årsdag, som ikkje er før om ein månad. Men det var denne sjangsen vi hadde til å få samla alle saman før bursdagen min. Vi var over 20 stk som satt rundt dekka bord, mamma stelte istand mykje godt.. Onkel Erik og Onkel Odd diskuterte fortsatt kven som var best i telemarkrennet for 2 år sidan, revansje venta fredag..


Fredag var heile familien i trekket, tante,onklar,søskenbarn,mormor og kjærestar og det som var.. Onkel Erik, Onkel Odd, Reidar og søskenbarne mitt Anna, på 8 år deltok på TELEMARKRENN, ho er berre så fantastisk flink og er så stolt av ho! Revansjen mellom onklane vart tatt, og der kom Onkel Erik best ut, Onkel Odd meinte han hadde laga ei grop slik han datt, sida han rann først. Noko som endte med at Elias gjekk rundt å fortalte alle som var publikum at Erik hadde laga ei grop. Flira godt då ja :) Fredrik datt på Big Jumpen i Nottane, noko som endte med pulk og ambulanse til Volda. Så no har eg, Fredrik og Mathias leie på same rom. Pappa meinte vi hadde fått eit eige fiasko-rom, og at vi var med på å gjere slik sjukehuset ikkje vart nedlagt.


Fredagkveld var vi på bowling, huska ikkje heilt kven som vann. Etter det bar det til campingen å kjøpte mat, deretter å kjøre til Eiksund for å teste Eiksundsambandet. Og det var ganske kult! :)


Laurdag var det ein ny dag i trekket, strålande ver.. Søndag bestemte igrunn eg og Andrea oss for å ikkje fare i trekket, men vi for ein times tid allikavel. Anna og Elias kom å overnatta! Som tradisjonens tru, vart det også arrangert BOL-2008.. Hopping fra taket å stuping ut i snøven.. Lille Elias vennen fekk gjennomgå av dei store gutta, noko storesøster Anna var svært skeptisk til, redd for lisjebroren sin! :) På kvelden satt vi i boblebadet eit par timar, 40gr. Deretter var det nok ein gong biltur på Shell i Ørsta for å kjøpe godt til enda ei natt med pro!




Håper alle har hatt ei fantastisk PÅSKE!!


Legg ut nokre bilete frå den fantastiske veka, mange fleire bilete på facebook!




torsdag 13. mars 2008

Eg har berre ein ting å seie; McLovin`Five <3

Trudde du Backstreet-boys er gammalt? Trudde du at du aldri skulle få høyre noko frå dei? Vel, du gjer ikkje akkurat det. Men istaden får du McLovin`Five, og dei er 10 gongar betre!!!
Onsdag gjor dei skuleballet 2008 minneverdig, med flott framførelse av

"I Want It That way.."

Dei imponerte ALLE å einkvar som satt spente og undrande å venta på kva som ville skje..
Mange trudde det var sjølvaste Bjørn-Johan som kom, ettersom eg gav følgjande beskjed: I år har vi ordna ein overraskelse, vi har lyst å gje dykk ein minneverdig avslutning på årets ball, difor må ALLE komme kl. 22.20 på klasserommet..
Å alle 160 elevane som var pynta etter alle kunstens reglar kom:)
"I morgon vil dei fronte framsider,baksider,mitt-i-sider på alt som er, VG, SMP, SE&HØR,DB & ØY-BLIKK. Det er stort for meg å få kunne ønskje desse velkomen. Vi er publikum på ei verdspremie,
ØNSK NYE BACKSTREETBOYS VELKOMNE, TA GODT IMOT McLOVIN`FIVE!!!

Skal love dykk det at jubelen sto i taket då dei fantastiske gutane kom inn, med sleik å kvit t-skjorte og det som var.

Tusen hjerteleg takk for at dykk gjor det umulige om til de mulige. utrulig bra, og eg er sjølvsagt stolt som fekk æra å presentere dei på sjølvaste verdspremiera. Diverre mangla Mathias S Kringstad (sjølve broren min), ettersom han spelte kamp.. Men det er ikkje det det skal stå på, Joakim vart henta av dei 3 andre på Blindheim der han bytta ut ette første omgang, for å rekkje dette. Snildt!

Gler meg til konfirmasjonen min allereie gutar :) Dette blir bra!
- Lykke til med dei kommande opptredande og den kommande karriera.
( Etter opptreden igår, har det berre gått en vei - SUKSESS.. Allereie har førespurnadane om opptreding i div. konfirmasjonar starta.)

- Ein stolt pr-sjef/officer, Maren Ruth! :)


onsdag 5. mars 2008

Tittei

Lenge sidan sist, men har hatt ei giddalaus periode.. Kan ikkje skylde på tida, for det har eg hatt meir en nok av, ettersom eg har fått treningsforbod. Tryna kraftig i trekke i vinterferien, sjekka ut Røde Kors på Eidet og fekk sjekka ut ambulansa å akuttmottaket på Volda sjukehus! Gjekk heldigvis bra. Kuttskade i leggbeinet, slagskade ned gjennom heilt foten, ei KRAFTIG lårhøne og eit kutt i bakhovudet, og sjølvsagt sit eg her som ei kraftig skrekkskada Maren! Har hompa rundt på krykke i vel 3veker og ser virkeli fram til å trene igjen i morgon! :D Litt ulovleg gjer eg det enda, får ikkje spele fotball på ein mnd. Det var den største sorga.. Tok stinga for ei veke sida, meinte det skulle gå heilt greit, men no ser det ut som det har sprukke litt opp igjen. Men nevnar minst mogleg til mor og far, hatar legen, sjølv om den berre vil oss godt :)

Ellers kan eg nevne at både eg og mi kjære (Gina) ser fram til påskeferie! Blir spennande å sjå kva eg tør, men skrekken må vekk fortast mogleg.

I helga var eg på KRASP, der KRASP SØR også var. Herleg å henge med dei fantastiske menneska å få synge og prise vår store far, og høyre andakt osv. Det likar vi :) Sang i Sunnylven Kyrkje Søndag og på møte på Vestborg på ettermiddagen..

Denne veka har vi hatt PRYO-veke, også kalt arbeidsveke. Eg har vore på PLATOU Moa, likte meg veldig godt der. Likar godt ekstremsport og den slags sport som dei sel der. Så får eg jobb der seinare blir eg nok der :)

Skal prøve å bli flinkare til blogginga, både eg og Gina. Men av og til strekk diverre ikkje tida til. Snart får eg spele fotball igjen og da skal ej spele kvar dag ei god stund, må take igjen det tapte veit du ü

Tida for å planlegge sommaren er også i gang for min del, satsar på å få meg ein slags jobb, så har du nokon forslag, so ROP UT!

Vi snakkas :)