onsdag 30. januar 2008

Oslo- latter,glede og ikkje minst latter/gledestårer :)






Maren, Mamma og Gina i eit nøtteskall :) Takk for turen! Gler meg til Praha <3>
KOMMENTER INNLEGGA :) :) :) :) Klem!

OSLO!!

Gina.. Er den største vimsen eg veit om! Og dei som kjenner ho veit kva eg snakkar om her:)

TORSDAG 24.01.08, 04.25 spratt vi opp av senga etter 3 timar med søvn, spenna klar for Oslo! Og for ei helg! Har aldri flira so mykje før.. Men vi tok fly, flytog og sjekka inn på SAS NYDALEN, elskar det hotellet. Vi pjaska oss bort til tv2-bygget der vi sto i 1 time og 30 minutt før vi slapp inn, der skreiv vi under ei kontrakt å slikt. Var også med på opptak medan vi venta utføre. EG HAR ALDRI SETT SÅ MYKJE RART OG SÅ MANGE RARE MENNESKE PÅ EIN PLASS FØR. Kom opp, registrerte meg og fekk nummeret, 4765! Hadde nesten akkurat fått tak i ein stol å pusta letta ut, då eg vart ropen opp og henta for audition, steik så nervøs eg var. Greide ikkje å smile skikkelig ein gong. Gina ga meg ein klem og eg gjekk. Medan dei andre som for saman med meg gjekk inn ein etter ein satt vi andre utanfor, satt rett utanfor rommet til alle SKAL VI DANSE kjolane, og der var det glassveggar. Nice! Eg tenkte der ikkje var noko spesielt med kamera, men det første eg såg når døra opna seg var eit kamera, sjokk?! Nei.. Men eg gjor mitt og eg er fornøgd med det, men dei var veldig usikre på om dei skulle sende meg vidare. Det var ikkje noko med det eg kunne, men konseptet med programmet. I Trondheim var der ei som hadde gått vidare med samme talent som meg, og hadde ej reist til Trondheim på audition, hadde eg gått vidare. Dei var sopass usikre at dei måtte ha 24 timar på å tenke seg om, om eg skulle eller ikkje gå vidare. Men slik er det berre! Dei var kjempe imponerte, flira og glisa til meg, og dei meinte eg skulle opptre med det. Men det er ei anna sak! :)
Men for all del, eg er kjempe glad for berre opplevelsen, for helga var knall. Aldri hatt det så gøy på evigevigevig lenge ;)

Resten av torsdagen gjekk til shopping og kino, der både eg og Gina slokna!

FREDAG: Fredag var det opp og stå, ut å gå! Nei, ikkje spasertur, men ein tur opp BOGSTADVEIEN, me like! ü Fann også ein dollhouse-butikk, til enorm glede for vakre Ginamor!
Korte fekk kjørt seg denne dagen og! Åååh, elskar Oslo!

Laurdag: Våkna og åt frukost, herleg hotellfrukost.. Gina og eg fann oss ein vi smugkika på kvar gong vi møtte han, og vi leita ette han kvart ledige øyblikk.
Tok tbana ned til Nationaltheateret og for på shopping.. Gina fann seg ei nydeleg rosa bergans boblejakke, eller igrunn var det eg som fann den til ho. Møtte Sandra (søskenbarnet til Gina) og kjøpte ein storstor herleg sjokoladebolle! Mm.. Mamma for på hotellet igjen for å pakke siste rest til Syden- TENERIFE. Kjerringferie, sikkert like greit eg ikkje er med.. Men denne kvelden var eg og Gina aleine, pappa hang saman med dommerane og kosa seg. Stakk på peppes og kjøpte med oss pizza,snop og pottis og berre kosa oss! Livet er herleg når eg er saman med Gina:)

Søndag: Tid for heimreisa, æsj! Åt ein deilig frukost idag og, mm! Pakka og såg tv til vi for, kom på Gardermoen der vi fann enda ein søt kar, "guten med den gule duskelua", følte etter han å kompisane heile tida. Hehe.. Hang på Gardermoen i 3 timar og kika på det som var der:) Prøvde oss på nokken søve-greier også, men lykkast ikkje!

TUSEN TAKK FOR EIN HERLEG TUR, VAKRE GO JENTA MI. DU BETYR SÅ MYKJE FOR MEG! GLER MEG TIL PRAHA I HAUSTFERIEN! LOVE YOU <3

ps: bilete finne du enten på facebook eller nettby. Legg berre ut nokre bilete her!

- Maren Ruth :)

mandag 21. januar 2008

Nedtelling ..


Åj, så tida flyg... Kjenner nervane ligg og ventar, allereie fått litt.. Men det er vell slik det skal vere?


Uansett.. No er det berre 3 dagar til avreise og audition. Blir så spennande!!


Inatt (natt til mandag) overnatta Gina her, vi kapra senga til Mathias som er i Liverpool å ser favorittlaget spele mot Aston-Villa. Kjekt for han! Vi sovna ikkje før vi hadde sett ei episode med One tree hill - favorittserien og litt jenteprat. Men vi kom oss opp begge to! Gina hadde lagt igjen kameraet sitt heime, men eg legg heller ut nokre bilete frå jula og den tida vi fekk ha saman då :)


Ps: Kommenter på innlegga og bileta.. Er så kjekt å høyre kva andre meiner!


onsdag 16. januar 2008


Helene har laga ei t-skjorte til meg! Tusen tusen takk, vakre Helene! Du er herleg! Både eg (Maren) og Gina er veldig glad i deg!


tirsdag 15. januar 2008

olsO lit aniG go neraM

Eg har vore so heldig å fått henge med på jenteturen. mest på grunn av shoppinga. hihi. i like =) neida. Eg skal vere med som ei støtte for Maren, uansett om eg måtte flire eller grine saman med ho... =) eg håpar på det beste og har virkeleg trua på jenta mi ü Håper dette vert ein draum for ho, og eit minne for livet. Eg håper på det beste for ho :) det hadde vore så ufatteleg kjekt å fått ho vidare... =) No er det kun 9 dagar til vi reiser, og vi gledar oss som nokon ungar =) vi reiser tidleg om morgon, og må derfor overnatte med maren... =) Eg og maren skal lage "Jeg reiser alene" skilt. Morroklumpane ü kjekt for oss det.... =)
Lykke til maren. like stolt av deg unasett. Elskar deg.

Tusen tusen takk VAKRE GINA MI, du betyr mykje for meg! Gler meg, du er den aller beste som kunne ha fått blitt med! <3

Norske talenter 08!

27 Desember 07 fekk eg den mailen eg hadde venta på!

- GRATULERER. Du er invitert til Audition i Oslo 24 Januar for NORSKE TALENTER!
Gjett om eg vart glad!
Mamma sa først nei, men etter at tante godsnakka litt med ho, vart ho også klar for Oslo.
24 Januar 06.00 lettar eg, mamma og Gina frå flyplassen for neste stopp i Oslo. Der skal ej på auidtion klokka. 10 i Nydalen, i same bygg som senkveld-studioet osv ligg..
Gledar meg som ein liten unge, men kjenner nervane ligg å lurar litt, regnar med dei sprette fram rett før eg reise, men slik høyrer med. Går eg vidare Torsdag skal eg på audition Laurdag eller Søndag også, Fredag blir de shopping i Oslo's gater!

Tusen takk til Helene og Severine som har laga fanklubb-gruppe for meg, dykk er så søte!
Kjekt å sjå att over 100 menneske vil eg skal få gå vidare, det varmar :) Skal få lagt ut eit bilete av t-skjorta dei har laga til meg..

Ver litt snild, tenk på meg Torsdag 24 Januar, eg står der heilt sikkert som eit stort nervevrak!
Eg vil, eg vil, eg vil!

Juleaftan 2007

Endeleg var dagen komen, elskar juleaftan! Vi feira dagen saman med farmor og farfar, tante og onkel, Anna og Malin og tante Anne-Martha! Vi hadde ein kjempe triveleg kveld. Eg vart også hyra som nisse for ungane til fadderane mine! Kjekt å sjå kor små barn reagerar når nissen kjem på besøk, huskar eg var livredd sjølv.
1. Juledag var vi akkurat hjå fadderane mine m/familie og besteforeldre frå Nord. Minstejenta Lovise hadde nekta å vakne om morgonen, slik dei måtte i nød fortelje kven nissen var, og det var akkurat det som møtte meg i døra då eg kom bort :)
3. Juledag hadde vi familieselskap for eldste broren min Sigurd fylte 20 år 28. Desember! Åra flyg! Vi var ihvertfall samla ein heil gjeng, inkludert familia til Andrea! Veldig koslig! Mamma diska opp med koldtbord til tross for at ho har arbeida heile jula! "Eg har jobba meir enn eg har ete!" og det er det ingen tvil om heller!
Istadanfor å sitte her å skrive legg eg ut bilde, dei får tale for seg sjølve! :)