tirsdag 15. januar 2008

Norske talenter 08!

27 Desember 07 fekk eg den mailen eg hadde venta på!

- GRATULERER. Du er invitert til Audition i Oslo 24 Januar for NORSKE TALENTER!
Gjett om eg vart glad!
Mamma sa først nei, men etter at tante godsnakka litt med ho, vart ho også klar for Oslo.
24 Januar 06.00 lettar eg, mamma og Gina frå flyplassen for neste stopp i Oslo. Der skal ej på auidtion klokka. 10 i Nydalen, i same bygg som senkveld-studioet osv ligg..
Gledar meg som ein liten unge, men kjenner nervane ligg å lurar litt, regnar med dei sprette fram rett før eg reise, men slik høyrer med. Går eg vidare Torsdag skal eg på audition Laurdag eller Søndag også, Fredag blir de shopping i Oslo's gater!

Tusen takk til Helene og Severine som har laga fanklubb-gruppe for meg, dykk er så søte!
Kjekt å sjå att over 100 menneske vil eg skal få gå vidare, det varmar :) Skal få lagt ut eit bilete av t-skjorta dei har laga til meg..

Ver litt snild, tenk på meg Torsdag 24 Januar, eg står der heilt sikkert som eit stort nervevrak!
Eg vil, eg vil, eg vil!

Ingen kommentarer: