onsdag 30. januar 2008

OSLO!!

Gina.. Er den største vimsen eg veit om! Og dei som kjenner ho veit kva eg snakkar om her:)

TORSDAG 24.01.08, 04.25 spratt vi opp av senga etter 3 timar med søvn, spenna klar for Oslo! Og for ei helg! Har aldri flira so mykje før.. Men vi tok fly, flytog og sjekka inn på SAS NYDALEN, elskar det hotellet. Vi pjaska oss bort til tv2-bygget der vi sto i 1 time og 30 minutt før vi slapp inn, der skreiv vi under ei kontrakt å slikt. Var også med på opptak medan vi venta utføre. EG HAR ALDRI SETT SÅ MYKJE RART OG SÅ MANGE RARE MENNESKE PÅ EIN PLASS FØR. Kom opp, registrerte meg og fekk nummeret, 4765! Hadde nesten akkurat fått tak i ein stol å pusta letta ut, då eg vart ropen opp og henta for audition, steik så nervøs eg var. Greide ikkje å smile skikkelig ein gong. Gina ga meg ein klem og eg gjekk. Medan dei andre som for saman med meg gjekk inn ein etter ein satt vi andre utanfor, satt rett utanfor rommet til alle SKAL VI DANSE kjolane, og der var det glassveggar. Nice! Eg tenkte der ikkje var noko spesielt med kamera, men det første eg såg når døra opna seg var eit kamera, sjokk?! Nei.. Men eg gjor mitt og eg er fornøgd med det, men dei var veldig usikre på om dei skulle sende meg vidare. Det var ikkje noko med det eg kunne, men konseptet med programmet. I Trondheim var der ei som hadde gått vidare med samme talent som meg, og hadde ej reist til Trondheim på audition, hadde eg gått vidare. Dei var sopass usikre at dei måtte ha 24 timar på å tenke seg om, om eg skulle eller ikkje gå vidare. Men slik er det berre! Dei var kjempe imponerte, flira og glisa til meg, og dei meinte eg skulle opptre med det. Men det er ei anna sak! :)
Men for all del, eg er kjempe glad for berre opplevelsen, for helga var knall. Aldri hatt det så gøy på evigevigevig lenge ;)

Resten av torsdagen gjekk til shopping og kino, der både eg og Gina slokna!

FREDAG: Fredag var det opp og stå, ut å gå! Nei, ikkje spasertur, men ein tur opp BOGSTADVEIEN, me like! ü Fann også ein dollhouse-butikk, til enorm glede for vakre Ginamor!
Korte fekk kjørt seg denne dagen og! Åååh, elskar Oslo!

Laurdag: Våkna og åt frukost, herleg hotellfrukost.. Gina og eg fann oss ein vi smugkika på kvar gong vi møtte han, og vi leita ette han kvart ledige øyblikk.
Tok tbana ned til Nationaltheateret og for på shopping.. Gina fann seg ei nydeleg rosa bergans boblejakke, eller igrunn var det eg som fann den til ho. Møtte Sandra (søskenbarnet til Gina) og kjøpte ein storstor herleg sjokoladebolle! Mm.. Mamma for på hotellet igjen for å pakke siste rest til Syden- TENERIFE. Kjerringferie, sikkert like greit eg ikkje er med.. Men denne kvelden var eg og Gina aleine, pappa hang saman med dommerane og kosa seg. Stakk på peppes og kjøpte med oss pizza,snop og pottis og berre kosa oss! Livet er herleg når eg er saman med Gina:)

Søndag: Tid for heimreisa, æsj! Åt ein deilig frukost idag og, mm! Pakka og såg tv til vi for, kom på Gardermoen der vi fann enda ein søt kar, "guten med den gule duskelua", følte etter han å kompisane heile tida. Hehe.. Hang på Gardermoen i 3 timar og kika på det som var der:) Prøvde oss på nokken søve-greier også, men lykkast ikkje!

TUSEN TAKK FOR EIN HERLEG TUR, VAKRE GO JENTA MI. DU BETYR SÅ MYKJE FOR MEG! GLER MEG TIL PRAHA I HAUSTFERIEN! LOVE YOU <3

ps: bilete finne du enten på facebook eller nettby. Legg berre ut nokre bilete her!

- Maren Ruth :)

3 kommentarer:

Tore Hole Oksnes sa...

Freakshow! ;) Gina å Randi Cesilie e radarparet asso!

Maren Ruth sa...

Hehe:) Ja, dei lika seg i kvarandre sitt selskap! Ingen tvil ;)

Tore Hole Oksnes sa...

Radisson SAS i Nydalen he ej me bodd på.. Brudern bodde ganske nært der..