tirsdag 25. mars 2008

Påska 2008












PÅSKA i år har vore fantastisk! Eg har vore på hytta i faktisk nøyaktig ei veke. Og den veka har gått utruleg fort, slik feriar ofte gjer. Men for ei veke.. Eg, Gina, Mamma og Pappa reiste innover Mandag, kom inn til eit skikkeleg snøver. Eg var sta å prøvde bunaden min, så mi søte og snilde mormor har brodert, IMPONERANDE! Tirsdag vart Andreas gullet vårt heile 2 år, ein fantastisk flott gut som heile tida sjarmerar med dei nydelege smila, krøllane, sleng-kyssa og oslo-dialekta si. Han har begyndt å forstå kva som veks inni mamman sin mage, snart er det ikkje berre han som skal ha oppmerksomheita, ei prinsesse er venta, og eg gler meg kjempe masse :) Vi feira han og kosa oss.. Onsdag hadde eg enno ikkje komt meg oppi trekket, og eg låg inne og kosa meg.. Heile familia til Ole-Jonny & Fredrik kom også, så vi leika oss ute med kidsa i 2 meter nysnø! Herleg..


Torsdag feira vi min 15-årsdag, som ikkje er før om ein månad. Men det var denne sjangsen vi hadde til å få samla alle saman før bursdagen min. Vi var over 20 stk som satt rundt dekka bord, mamma stelte istand mykje godt.. Onkel Erik og Onkel Odd diskuterte fortsatt kven som var best i telemarkrennet for 2 år sidan, revansje venta fredag..


Fredag var heile familien i trekket, tante,onklar,søskenbarn,mormor og kjærestar og det som var.. Onkel Erik, Onkel Odd, Reidar og søskenbarne mitt Anna, på 8 år deltok på TELEMARKRENN, ho er berre så fantastisk flink og er så stolt av ho! Revansjen mellom onklane vart tatt, og der kom Onkel Erik best ut, Onkel Odd meinte han hadde laga ei grop slik han datt, sida han rann først. Noko som endte med at Elias gjekk rundt å fortalte alle som var publikum at Erik hadde laga ei grop. Flira godt då ja :) Fredrik datt på Big Jumpen i Nottane, noko som endte med pulk og ambulanse til Volda. Så no har eg, Fredrik og Mathias leie på same rom. Pappa meinte vi hadde fått eit eige fiasko-rom, og at vi var med på å gjere slik sjukehuset ikkje vart nedlagt.


Fredagkveld var vi på bowling, huska ikkje heilt kven som vann. Etter det bar det til campingen å kjøpte mat, deretter å kjøre til Eiksund for å teste Eiksundsambandet. Og det var ganske kult! :)


Laurdag var det ein ny dag i trekket, strålande ver.. Søndag bestemte igrunn eg og Andrea oss for å ikkje fare i trekket, men vi for ein times tid allikavel. Anna og Elias kom å overnatta! Som tradisjonens tru, vart det også arrangert BOL-2008.. Hopping fra taket å stuping ut i snøven.. Lille Elias vennen fekk gjennomgå av dei store gutta, noko storesøster Anna var svært skeptisk til, redd for lisjebroren sin! :) På kvelden satt vi i boblebadet eit par timar, 40gr. Deretter var det nok ein gong biltur på Shell i Ørsta for å kjøpe godt til enda ei natt med pro!




Håper alle har hatt ei fantastisk PÅSKE!!


Legg ut nokre bilete frå den fantastiske veka, mange fleire bilete på facebook!




Ingen kommentarer: