onsdag 5. mars 2008

Tittei

Lenge sidan sist, men har hatt ei giddalaus periode.. Kan ikkje skylde på tida, for det har eg hatt meir en nok av, ettersom eg har fått treningsforbod. Tryna kraftig i trekke i vinterferien, sjekka ut Røde Kors på Eidet og fekk sjekka ut ambulansa å akuttmottaket på Volda sjukehus! Gjekk heldigvis bra. Kuttskade i leggbeinet, slagskade ned gjennom heilt foten, ei KRAFTIG lårhøne og eit kutt i bakhovudet, og sjølvsagt sit eg her som ei kraftig skrekkskada Maren! Har hompa rundt på krykke i vel 3veker og ser virkeli fram til å trene igjen i morgon! :D Litt ulovleg gjer eg det enda, får ikkje spele fotball på ein mnd. Det var den største sorga.. Tok stinga for ei veke sida, meinte det skulle gå heilt greit, men no ser det ut som det har sprukke litt opp igjen. Men nevnar minst mogleg til mor og far, hatar legen, sjølv om den berre vil oss godt :)

Ellers kan eg nevne at både eg og mi kjære (Gina) ser fram til påskeferie! Blir spennande å sjå kva eg tør, men skrekken må vekk fortast mogleg.

I helga var eg på KRASP, der KRASP SØR også var. Herleg å henge med dei fantastiske menneska å få synge og prise vår store far, og høyre andakt osv. Det likar vi :) Sang i Sunnylven Kyrkje Søndag og på møte på Vestborg på ettermiddagen..

Denne veka har vi hatt PRYO-veke, også kalt arbeidsveke. Eg har vore på PLATOU Moa, likte meg veldig godt der. Likar godt ekstremsport og den slags sport som dei sel der. Så får eg jobb der seinare blir eg nok der :)

Skal prøve å bli flinkare til blogginga, både eg og Gina. Men av og til strekk diverre ikkje tida til. Snart får eg spele fotball igjen og da skal ej spele kvar dag ei god stund, må take igjen det tapte veit du ü

Tida for å planlegge sommaren er også i gang for min del, satsar på å få meg ein slags jobb, så har du nokon forslag, so ROP UT!

Vi snakkas :)

Ingen kommentarer: